– Du er viktig frå første dag!

Det var bodskapen til 150 nye medarbeidarar frå direktør Gro Jære, då ho ønskte velkomen til Forsvarsmateriell.

Foto: Forvarsmateriell
Foto: Forvarsmateriell

FMA arrangerer introduksjonsdagar for nye medarbeidarar to gonger i året, og i oktober var det rekordmange nye kollegaer som skulle bli betre kjende, både med organisasjonen og kvarandre.

– Eg er aldri i tvil om at medarbeidarane våre er den viktigaste ressursen vår, men i ei tid der FMA sitt samfunnsoppdrag er særleg viktig, blir eg stadig minna om det. Vi styrkjer og utrustar Forsvaret, støttar Ukraina og bidreg til trygg og langsiktig forsyningstryggleik. Då skal medarbeidarane våre vite at dei er nyttige og viktige frå første dag, sa Gro Jære.

Det var nettopp det viktige samfunnsoppdraget som vart trekt fram då gruppa fekk spørsmål om kvifor dei ønskte å jobbe i FMA. I kombinasjon med spennande oppgåver, høg kompetanse, interne moglegheiter og variasjon, var det mange som var sikre på at dei hadde gjort eit godt val.

Blir kjend med sektoren

I løpet av to dagar fekk gruppa ei god innføring i organisasjonen, anskaffingar og støttefunksjonar, og for mange var det særleg interessant å bli betre kjend med dei andre aktørane i forsvarssektoren og industrien.

– Å få ei betre forståing av korleis vi forheld oss til Forsvarsdepartementet, Forsvarsbygg, FFI og industrien, var nyttig for ein som ikkje har jobba i sektoren tidlegare, var ei av tilbakemeldingane frå salen.

Stort behov for variert kompetanse

Bakgrunnen til dei 150 nye medarbeidarane er variert. Nokre kjem frå sivil sektor, andre har militær bakgrunn, og nokre kjem rett frå skulebenken. Dei skal jobbe i ulike kapasitetar og ved FMA-lokasjonar over heile landet.

– Vi er takksame for at så mange har lyst til å jobbe hos oss, sa HR-sjef Anne Kirsti Sletteng-Fagerli. Med denne gruppa får vi verdifull fagkompetanse, allsidig erfaring og kollegaer i ulike livsfasar, og eg er spesielt glad for å sjå så mange kvinner i salen, sa Sletteng-Fagerli.

FMA arbeider aktivt med ambisjonen om å auke kvinneandelen til 40 prosent. Eitt av tiltaka vi har gjennomført, er å sikre at stillingsannonsane når breiare ut og treff betre. Bevisstheita rundt dette har gitt resultat, og av 150 nytilsette var 62 kvinner. Det er ein rekord vi håpar blir slått neste gong vi arrangerer introduksjonsdagar, avsluttar Sletteng-Fagerli.

Er du interessert i ein karriere i FMA? Sjå alle dei ledige stillingane våre her.