Sommarstudentane får bryne seg på autonome maritime løysingar

Fire studentar frå marin teknikk ved NTNU er på plass hos oss og skal denne sommaren jobbe med autonome fartøy, leverandørevalueringar og 3D-modellering hos Forsvarsmateriell på Haakonsvern. Gjennom sommarprosjektet «Autonom Sjøbjørn» får dei ansvar for reelle oppgåver i eit pågåande utviklingsprosjekt for Sjøforsvaret.

Fra venstre: Maria Tufto Krag, Jakob Mygland, Kevin Handal og Kristian L. Holdhus. Foto: Forsvarsmateriell
Fra venstre: Maria Tufto Krag, Jakob Mygland, Kevin Handal og Kristian L. Holdhus. Foto: Forsvarsmateriell

Fire studentar frå marin teknikk ved NTNU har denne sommaren fått moglegheita til å arbeide med eit reelt utviklingsprosjekt hos maritime kapasitetar i Forsvarsmateriell (FMA) på Haakonsvern.

Dei har nett fullført tredje året på studiet og skal dei kommande vekene bidra i prosjektet «Autonom Sjøbjørn», der målet er å etablere ei eksperimenteringsplattform for Sjøforsvaret, Forsvarsmateriell og Sjøkrigsskulen.

For studentane er sommarjobben ei moglegheit til å omsetje teori til praksis og få innsikt i korleis komplekse prosjekt blir gjennomførte i forsvarssektoren.

– Vi har fått litt informasjon om prosjektet, og slik vi har forstått det, skal vi mellom anna vere med på å evaluere tilbod og gjere eit nedval basert på kriterium vi får. Vi skal også lage ein prototype av ei landingsplattform for dronar og får tilgang til ein eldre modell av Sjøbjørn som vi kan jobbe vidare med. Det verkar veldig spennande å få noko så handfast å arbeide med, seier Kristian L. Holdhus.

– Vi får jobbe svært sjølvstendig og gjennomføre prosjektet sjølve, slik eg har forstått det. Det blir både lærerikt og motiverande, seier Kevin Handal.

Blei kjende med FMA gjennom NTNU

– Vi vart introduserte for sommarjobben gjennom ein bedriftsdag der FMA hadde stand. Vi snakka med representantar der og fekk høyre om moglegheitene. Fleire av oss kjende også til ein student som jobba her i fjor, seier Jakob Mygland.

To av studentane har gjennomført førstegongsteneste i Sjøforsvaret, og fleire peikar på at utviklinga i forsvarssektoren gjer FMA til ein attraktiv arbeidsplass.

– Det verkar veldig spennande å jobbe i Forsvarsmateriell med mange interessante prosjekt i åra som kjem, seier Kevin Handal.

– Det er tydeleg at det skjer mykje i sektoren framover, og at det vil vere mange spennande moglegheiter for dei som ønskjer å bidra. Difor trur eg dette er eit godt tidspunkt å bli kjend med Forsvarsmateriell på, seier Jakob Mygland.

Fire personer ombord på en båt
Studentane om bord på Sjøbjørn. Foto: Forsvaret

Reelle oppgåver i eit pågåande prosjekt

Studentane skal ikkje arbeide med eit øvingsprosjekt, men bidra direkte inn i eit pågåande prosjekt med konkrete leveransar.

– Studentane skal gjere den jobben vi elles ville ha gjort i prosjektet. Det er inga lita oppgåve dei har fått ansvaret for, men reelle arbeidsoppgåver i eit prosjekt med ein estimert kostnad på om lag fire millionar kroner, seier Kjetil W. Høydal i Teknologi og design, maritime kapasitetar.

– Forsvarsmateriell er avhengig av å rekruttere og utvikle ny kompetanse dersom vi skal lukkast med dei store investeringane og prosjekta som ligg framfor oss. Sommarstudentane bidreg med ny kunnskap og nye perspektiv, samstundes som dei får verdifull erfaring frå verkelege prosjekt i forsvarssektoren. For oss er dette ei viktig investering i framtidas kompetanse, seier direktør Gro Jære i Forsvarsmateriell.

Prosjektet omfattar mellom anna anskaffing av ein autonomipakke til ein eksisterande Sjøbjørn Mk2, samt vidareutvikling av plattforma.

Gjennom sommaren skal studentane bidra innan fleire sentrale område:
• Utforming av evalueringskriterium og prosedyrar
• Gjennomgang av mottekne tilbod og val av leverandør
• Vurdering av regulatoriske forhold knytte til bruk av ubemanna system
• Vidareutvikling av plattforma gjennom 3D-modellering og eksperimentering med ulike løysingar

– Gjennom dette arbeidet får studentane innsikt i eit breitt spekter av FMA sine kjerneoppgåver, samstundes som dei får samarbeide med ulike fagmiljø på tvers av organisasjonen, seier Høydal.

Får bruke kunnskapen frå studiet

Studentane håpar sommarjobben vil gi erfaringar som er relevante både for resten av studietida og for framtidige karriereval.

– Det verkar svært relevant i forhold til det vi kjem til å jobbe med seinare, og byggjer vidare på mykje av det vi lærer på studiet, seier Maria Tufto Krag.

– På skulen lærer vi mykje teori, men her får vi oppleve korleis eit prosjekt faktisk blir gjennomført i praksis, seier Kevin Handal.

Kristian L. Holdhus trekkjer også fram moglegheita til å få innsikt i den militære delen av maritim verksemd.

– Det meste vi lærer på studiet, er retta mot sivile anvendingar. Her får vi også erfaring med den militære sida, og det synest eg er veldig interessant.

Profilbilde av fire studenter

Meir enn berre prosjektarbeid

Dei første vekene har allereie gitt studentane eit innblikk i både organisasjonen og kulturen i Forsvarsmateriell. På kort tid har dei fått møte direktør Gro Jære, deltatt på føredrag med forsvarssjef Eirik Kristoffersen og vore med på sommaravslutning for maritime kapasitetar på Haakonsvern.

Det gjer at studentane ikkje berre får erfaring med prosjektarbeid, men også blir kjende med menneska, fagmiljøa og verksemda dei er ein del av gjennom sommaren.

Følg sommarstudentane på Instagram

Gjennom sommaren vil studentane dele glimt frå arbeidskvardagen hos maritime kapasitetar på Forsvarsmateriells Instagram-konto. Her kan ein få innblikk i prosjekta dei jobbar med, fagmiljøet på Haakonsvern og korleis det er å vere sommarstudent i FMA.

Etter sommaren kjem vi tilbake med ei ny sak der studentane oppsummerer erfaringane sine og fortel kva dei har lært gjennom sommarprosjektet.