Maritime kapasitetar
Sivile og militære ingeniørar, prosjektleiarar, økonomar og juristar jobbar hos oss. Dei har ansvaret for å anskaffe, utvikle og sertifisere maritimt materiell som gjer at Noreg får eit av verdas mest moderne sjøforsvar.
Ledige stillingar innan Maritime kapasitetar
Systemkonsulent
Kontorsjef Prosjektstøtte FF
Kontorsjef IVS
Planlegger Prosjekt Nye fregatter
ILS Koordinator
Overingeniør skipstekniske fag - Helikopterintegrasjon
Senior saksbehandler ILS
Vårt ansvarsområde
Forsvarsmateriell Maritime kapasitetar har ansvar for anskaffing, utvikling og sertifisering av fartøy og system i Sjøforsvaret, og leverer sjømilitær kampkraft.
Når Noreg kjøper nye ubåtar, fregattar og andre fartøy, er det Forsvarsmateriell maritime kapasitetar som vurderer, bestiller, kjøper og overleverer dei til Sjøforsvaret. Vi utviklar òg autonome, ubemanna system for minemottiltak, noko som har høg prioritet i den nye langtidsplanen.
Det er oppgåva vår å gi råd og gjere investeringar på vegner av Forsvaret, og vi godkjenner materiellet og systema i Sjøforsvaret gjennom heile levetida for å ta vare på yting, teknisk tilgjenge og tryggleik i tråd med lover, reglar og andre krav.
Maritime kapasitetar har òg designansvar for alle fartøya i Sjøforsvaret og ei betydeleg mengd anna båtmateriell i Forsvaret. I kapasiteten blir materiellprosjekta støtta av merkantil og teknisk kompetanse innan skips- og våpenteknikk.
Viktige maritime satsingar
Vi samarbeider tett med Forsvaret og med norsk og internasjonal industri for å finne dei beste løysingane som kan bidra til auka operativ evne i Forsvaret.
Når Forsvarsmateriell skal anskaffe nye ubåtar eller fartøy til Forsvaret, samlar vi gjerne fleire anskaffingar i større investeringsprosjekt eller -program. Nokre av desse kan du lese om under.
- Kjekt å komme tilbake!
Da stillingen som leder for kontraktsavdelingen på Haakonsvern ble ledig, søkte Kristina seg tilbake til Forsvarsmateriell etter tre år som advokat i privat sektor. - Det var en mulighet jeg ikke kunne la gå fra meg. Det er spennende og viktige oppgaver vi jobber med, og du ser konkrete resultater av innsatsen.